Internasjonalt omdøme og nettverk er viktige element i helsesatsinga. Saman med klyngje- og bransjeorganisasjonane i sektoren tilbyr vi studieturar, norsk deltaking ved utvalde konferansar, pressebesøk og nyheitsblad.
Innovasjon Noreg samarbeider nært med industriorganisasjonar og klyngjeprosjekta våre innan helsesektoren. På heimesidene deira finn du oppdaterte lister over bransjearrangement:
Oslo Cancer Cluster
http://www.oslocancercluster.no/
OCC er eit National Centre of Expertise (sjå NCE-programmet). Senteret spring ut frå det medisinske miljøet ved Radiumhospitalet, som er eit av dei fremste sentra forkreftforsking i Europa.
Nansen Neuroscience Network
http://www.nansenneuro.no/
NNN er eit landsdekkjande innovasjonsnettverk innan nevromedisin med både industrielle og akademiske medlemer. Nettverket eksperimenterer med nettbaserte innovasjonsprosessar.
Oslo Medtech
http://www.oslomedtech.no/
Ei rasktveksande klyngje innan medisinsk teknologi med geografisk fokus kring Oslo. Klyngja blei etablert i 2010 og får støtte frå Innovasjon Noreg sitt ARENA-program.
MedITNor
http://www.meditnor.com/
Meditnor er òg ei klyngje innan medisinsk teknologi. Den blei etablert i 2007 som eit ARENA-prosjekt med basis i Midt-Noreg og samarbeider i dag tett med Oslo Medtech.
IKT Grenland
http://www.iktgrenland.no/
IKT Grenlanddekkjer i utgangspunktet mange bruksområde for IKT, men helse-relatert IKT ereit av dei viktigaste områda.
Legemiddelforeningen
www.lmi.no/
LMI er ei bransjeforeining under Norsk Industri som organiserer farmasøytiske og andre bedrifter som utviklar nye medisinar.
Forum for Bioteknologi
http://www.biotekforum.no/
Forum for Bioteknologi er òg ei bransjeforeining under Norsk Industri, og femner om bioteknologibedrifter innanfor både medisin og andre sektorar. Biotekforum er norsk medlem av EuropaBio.
Oslo Teknopol
http://www.oslo.teknopol.no/Naringsklynger/Life-Science2/
Marknadsføringsorganisasjon for Oslo Kommune med eige program mellom anna innan biomedisin.