Hopp til hovedinnhold

Vossabia vinn Vestlandspris

En gruppe mennesker på scenen som viser fram diplomet© Per Byrknes
Prisvinnar Renate Lunde saman med Emil Lunde Barman, Jonatan Lunde Dugstad, Jorunn Svane Norekvål, Jon Askeland frå Vestland fylkeskommune, Sigird Alice Hovland frå Innovasjon Noreg og ordførar Tonje Såkvitne frå Voss herad.
Renate Lunde og hud- og hårpleieprodusenten Vossabia får Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2024 i Vestland fylke.

- Å kombinere gardsliv med produksjon av hud- og hårpleieprodukter er eit glitrande eksempel på kva som er mogleg om ein tenkjer kreativt. Dei har verkeleg gjort seg fortjent til prisen, seier Aslak Sverdrup, regiondirektør i Innovasjon Noreg Vestland.

Den ferske prisvinnaren er stolt over anerkjenninga:

- Det er ei stor ære for meg og heile teamet å vinne Bedriftsutviklingsprisen for Vestland. Å få slik anerkjenning for over 20 år med hardt arbeid rører meg djupt, og eg er uendeleg takksam. Eg håpar denne prisen bidreg til at endå fleire oppdagar Vossabias bodskap, og blir inspirerte til å sjå verdien i å kombinere gardens ressursar med fokus på helse, berekraft og naturmangfald, seier Renate Lunde i Vossabia.

Garden er kjerna

Renate driv og eig garden på Bulken ved Voss. Garden og ressursane der er sjølve kjerna i Vossabia. Med sine hud- og hårpleieprodukt, omvisningar, utstrekt formidlingsaktivitet med føredrag, kurs og opplevingar på garden, jobbar Lunde med å auke bevisstheita rundt ressursar som finst på ein gard og naturen rundt.

- For meg gikk det sport i å kartlegge gardens ressursar då eg overtok for 25 år sidan, og heile tida prøve å sjå verdi og moglegheiter i det dei fleste av oss tek for gitt. Dette brenn eg framleis for og ser enormt potensial i å nytte stadig meir av det ein gard har å by på, seier ho.

Naturleg kosmetikk

Vossabia nyttar lokale og økologiske råvarer som honning, bivoks og ville urter i hudpleieprodukta sine som sikrar høg kvalitet og berekraft. Ved å lage verksame produkt av det andre bønder kallar ugras, har Renate blitt ein pioner innan naturleg kosmetikk. Men nokre utfordringar har det vore:

- Då eg vart sjuk i starten av tjueåra, fekk det meg til å bli bevisst på førebyggjande helse og naturlege ingrediansar både i mat og kosmetikk. Biene opna auga mine for garden sitt biologiske mangfald, og då mamma vart kreftsjuk gav det meg ein kraftig dytt til å skape dei produkta eg sjølv sakna, fortel prisvinnaren.

Ny driftsbygning

Med god marknadsføring og gode produkt har Renate nådd ut til over 100 000 kundar og 120 forhandlarar i heile landet, og med det fått ei imponerande vekst med sunn økonomi og resultat for den innovative gardsbedrifta.

No planlegg ho ein ny stor driftsbygning på tomta, og vil føre tunet tilbake til slik det såg ut ein gong, men med moderne drift basert på gardens ressursar.

Fakta om bedriftsutviklingsprisen i landbruket

  • Innovasjon Noreg delar kvart år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet.
  • Bedriftsutviklingsprisen i landbruket er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for etablerarar av vellukka bedrift eller næring med basis i landbrukets og bygdenes ressursar.
  • Det vert kåra ein vinner i kvart fylke der prisen er på 50 000 kroner
  • Dei fylkesvise vinnarane kjempar om den nasjonale prisen på 250 000 kroner.
  • Det vert nominert tre kandidatar til den nasjonale prisen som blir invitert til prisutdeling i samband med Internationale Grüne Woche i Berlin i januar.
Publisert :
Sist oppdatert :