Bedriftsutviklingsprisen i landbruket
Innovasjon Norge deler kvart år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket. Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke der prisen er på 50 000 kroner. Fylkesvinnarane deltek så i konkurransen om den nasjonale prisen på 250 000 kroner, som deles ut på mat- og landbruksmessen Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin.
Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2024 gikk til Vossabia. Vinnarbedrifta frå Voss i Vestland fylke lagar hud- og hårpleieprodukt basert på dei lokale og økologiske råvarane som er tilgjengeleg på garden. Dette er for eksempel honning, bivoks og ville urter.
Les saken: Vossabia vinn nasjonal pris!
Dei to andre nominerte til den nasjonale prisen var Hørte gård frå Buskerud og Til Elise Fra Marius frå Nordland.
Kven kan søkje?
Vi søkjer bedrifter eller personar med næringsverksemd med basis i landbrukets og bygdenes ressursar. Det er også mogleg for andre enn bedriftseigar å melde på ein kandidat til prisen.
Vi legg ut meir informasjon på denne sida når påmeldingsfristen i midten av august 2025 nærmar seg.
Kandidatane vert vurdert etter følgjande kriteria:
- Berekraft:
- Økonomisk resultat/lønsemd
- Sosialt som sysselsetting og ringverknader i lokalsamfunnet
- Miljømessig som utnytting av lokale ressursar, fremme av lokal kultur og reduserte utslepp
- Innovasjon/nyskaping