Fleire bønder vel tre
Innovasjon Noreg premierer bønder som byggjer driftsbygningar med tre som klima- og miljøvennleg byggjemateriale. I 2020 fekk 140 bønder i alt 33,6 millionar kroner i ekstra investeringstilskott for å vere klima- og miljøvennlege gjennom bruk av tre i bygga deira.
Som for andre næringar er det også mogleg for landbruket å få særskilt støtte for å vere ekstra miljø- og klimavennleg. Ved jordbruksforhandlingane i 2019 blei det vedtatt å innføre ei ordning som premierer bruk av tre som byggjemateriale. Ordninga kjem i tillegg til det ordinære investeringstilskottet til driftsbygningar frå Innovasjon Noreg.
Oppløftande tal
– Dette er svært gledelege og oppløftande tal, og viser at dei bøndene som no satsar og investerer i landbruket tek klimautfordringane på alvor, seier administrerande direktør Håkon Haugli i Innovasjon Noreg.
– Vi har som mål at dei prosjekta vi støtter skal bli meir berekraftige og klima- og miljøvennlege. Her bidrar landbruket til dette målet, seier han.
Stornøgd byggherre og bonde
Erik Steine frå Heidal i Sel kommune er ein av bøndene som har valt å byggje ny driftsbygning i tre. Valet fall på massivtrelement frå Fjøssystemer, og ny driftsbygning for 50 ammekyr stod klar til innflytting i november 2020.
– Omsyn til bygningskultur i Heidal, klima- og miljø og ekstra støtte var avgjerande for val av byggjemateriale, seier Steine.
Sjølv i koronaåret har byggjeprosessen gått problemfritt. Frå tilsegn om støtte frå Innovasjon Noreg til fjøset stod klart tok det berre seks månader.
– Dyra verkar svært tilfredse og arbeidsdagen er betre og meir lystbetont. I nyttårshelga vart fødebingen innvia med tvillingfødsel, og kukalvane og mora kosa seg i den nye barselavdelinga i bygget, seier Erik Steine.
Husdyrbruk i distrikta er vinnarane
Ikkje overraskande er det i fylka med mest husdyrbruk og størst tilskottsramme det har vore størst interesse for ordninga. I 2020 var det klart flest i Innlandet, med 34 prosjekt og 10,1 millionar kroner i ekstra tilskott. Deretter følgjer Trøndelag med 21 prosjekt og 5,6 millionar kroner i ekstra tilskott og Vestland med 20 prosjekt og 5 millionar kroner. Det er flest prosjekt innan mjølkeproduksjon med 63 bygg, deretter følger ammekuproduksjon med 37 prosjekt, medan det er 12 prosjekt knytta til sauehald og korntørking. For ammeku er delen som oppfyller kravet til ekstra tretilskott heile 44 prosent, medan det for mjølkeproduksjon og sauehald er rundt 35 prosent.
Viktig for truverdet
Ordning med ekstra investeringstilskott til bygg som bruker tre som miljø- og klimavennlege byggjemateriale gjeld i første omgang til og med 2022. Ordninga kan gje inntil 400 000 kroner i ekstra investeringstilskott.
– At fjøs og driftsbygningar blir bygd i tre burde være heilt opplagt, men det har ikkje vore slik på mange tiår. Tre er eit utmerka byggemateriale som gir godt klima både ute og inne. Bruk av tre i eigne bygg er viktig for truverdet vårt når vi sjølv fremjar tre som framtidas byggemateriale, seier administrerande direktør i Norges Skogeierforbund, Per Skorge. Han seier seg svært nøgd med at ordninga med ekstra investeringstilskot no får fleire til å velje tre som byggjemateriale.