Innovasjon Noreg støttar ECOsubsea i grønt og eksportretta innovasjonsprosjekt
- ECOsubsea har utvikla verdsleiande teknologi for vask av skipsskrog med oppsamling av avfall. Med planane for oppskalering kan selskapet si teknologi og kompetanse bidra med betydelege CO2-kutt, seier Håkon Haugli, administrerande direktør for Innovasjon Noreg.
ECOsubsea i Austevoll kommune i Vestland utviklar og gjennomfører skrogvasktenester, der slam som består av groe vert samla opp for vidarehandtering.
- Selskapet er ein viktig arbeidsgivar i Austevoll kommune som bidrar til verdiskaping i Noreg med lokale arbeidsplassar. Innovasjon Noreg har fulgt ECOsubsea sidan oppstarten i 2008. Selskapet får no støtte til forsking, utvikling og testing for oppskalering av teknologien for skrogvask på større skip og utviding av kapasiteten, seier Rolf Håvard Sørland, konstituert regiondirektør i Innovasjon Noreg Vestland.
Med eigen teknologi og oppsamling er ECOsubsea ein av få som har lisens til å utøve sine tenester i ei rekkje europeiske hamner som krev dette. ECOsubsea leverer i dag tenester i Nord-Europa, Storbritannia og Noreg og har fleire store reiarlag på kundelista.
- Med vår skrogvaskteknologi kan vi tilby løysingar for vask av skrog med full oppsamling, prosessering og reinsing av oppsamla materiale. Dette gjer at vi no har oppnådd lisensar til å operere i dei strengast regulerte hamnene i verda, og kan tilby skrogvasketenester i alle hamner globalt, seier Tor M. Østervold, administrerande direktør i ECOsubsea.
Årlege CO2-besparingar på 100 millionar tonn
Shipping står for 3 prosent av globale utslepp i dag, og begroing på skip er eit aukande problem. 10 prosent av desse utsleppa kunne ha vore unngått med meir effektiv handtering av begroinga. ECOsubsea meiner at med effektiv og miljøvennleg teknologi kan industrien spare 100 millionar tonn CO2 samtidig som dei vil spare 20 milliardar USD samt at ein unngår forurensing til våre hamner - ein vinn-vinn situasjon for både økonomi, klima og miljø.
Tradisjonell skrogvask har ikkje oppsamling og alt som tas av skroget vert då slept direkte ut i sjøen. Gifter, tungmetall, mikroplast frå skrogmalinga samt potensielt skadeleg framande arter er ei kjelde til forureining i hamner, utan at det vert kontrollert. Dette har ført til at fleire store hamner har forbod mot tradisjonell skrogvask utan oppsamling og dermed avgrensa tilgang til ei nødvending teneste for reiarar.
- Løysinga vår gjer hamnene og lokale miljøstyresmakter i stand til å kontrollere utslepp av miljøgifter og framande arter ved at alt som tilbakeførast til havet frå skrogvask kan kvantifiserast og dokumenterast. Me vil med denne støtta kunne rulle ut norsk teknologi til alle store hamner og gjere miljømesseg forsvarleg skrogvask tilgjengeleg og kostnadseffektiv for våre kunder, seier Østervold i ECOsubsea.
- Noreg er ein stolt havnasjon. Havet gir oss mat på bordet og lys i husa. Vi har levd av og med havet i generasjonar, og det skal vi fortsete å gjere. Eg er difor opptatt av at vi huskar å ta vare på havet. Denne typen skrogvask er bra for havet, og eit godt verkemiddel for å bremse spreiinga av uønska arter i både norske og utenlandske hamner, seier fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth.
Finansieringa frå Innovasjon Noreg gis som eit miljøteknologitilskot på inntil 10 millionar kroner og eit bioøkonomitilskot på inntil 10 millionar kroner.