Skarbø Gard får bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Møre og Romsdal
Bakgrunn
Kristine Skarbø overtok garden i Stranda i desember 2013. Ho driv garden saman med mannen Carlos. Dei driv med mjølkeproduksjon på storfe. I 2017 selde dei den første eigenproduserte osten. I 2018 selde dei første parti med eplesider.
Skarbø er eit vanleg vestlandsbruk med utfordringar både på storleik, arrondering og bratt terreng. Kristine og Carlos har klart å skape eit livskraftig bruk ved å få fleire «føter å stå på». Naturen rundt bruket er ein viktig del av heile konseptet, både for presentasjon av produkta og for smak på ost og sider. Etter kvart er gardssalget blitt viktig, og dei ønskjer også å ta imot fleire grupper heime på bruket og såleis gå inn litt på reiselivssegmentet. Alt er basert på lokale ressursar og eit lågast mogeleg klima-avtrykk.
Bedriftsutviklingsprisen i landbruket blir delt ut av Innovasjon Norge kvart år og skal gå til ei vellukka bedrift eller næring som tek utgangspunkt i bygdene og landbruket sine ressurser. Dei fylkesvise vinnarane mottar 50 000 kroner kvar, og kjemper om den nasjonale prisen og prispengene på 250 000 kroner
Grunngjeving
Prisvinnarane har gjennom mange år arbeidd hardt og målbevisst for å kome dit dei er i dag. I dag er produkta frå Skarbø Gard kjende over det meste av landet. Og med Kristine og Carlos sine internasjonale bakgrunnar er ikkje landegrensene noko hinder. Turistane finn no fram til Skarbø Gard for å smake på produkta og for å kjøpe med seg ost og sider.
- Kristine og Carlos har med sitt målbevisste arbeid, sin fagkunnskap og si opne og inkluderande framferd gjort Skarbø Gard til ein merkevare som blir lagt merke til. Og vi trur at vi berre har sett starten av eventyret, seier Bjarne Øygard i Innovasjon Norge.